skip to Main Content
Universitetet i Stavanger Kjell Arholms gate 41, 4021 Stavanger post@uisi.no

E-Sport

E-sportgruppa ved UiS er eit inkluderande miljø som skal skape sosiale band, læring og moro gjennom dataspel. Samstundes som me satsar på å drive seriøst med konkurrering i dataspel, er gruppa open for alle som er interesserte. Me har medlem på alle moglege nivå, og har like mykje fokus på «casual» speling som me har på konkurranse. Her er vil ein finne noko for dei fleste.

Me har treningar i konkurransespel, økter i samarbeidsspel og sosiale kveldar med quiz og pizza. Om ein er ute etter å finne nokon med like interesser på campus eller berre vil ha nokon å spele litt PUBG over Discord med, så er dette den rette staden. Me har som mål å starte ei større satsing i løpet av 2018 på fleire sosiale tiltak, som blant anna quiz-kveldar og LAN.

Viss du driv med eit spel som ikkje gruppa har aktiv satsing på, er det berre å legge ut eit innlegg eller sende leiar/nestleiar ei melding, så kan me prøve å få til noko der òg. Det er alltid ein del aktivitet rundt nye spel når dei kjem ut, så forvent ein del Battlefield V, Call of Duty Black Ops IV, Fallout 76, Super Smash Bros. og så vidare utover hausten. Me driv me det meste.

Gruppa operer ikkje med faste treningstider, i og med at me ikkje treng å møtast fysisk for å spele – men det blir også fysiske møter i ny og ne. Me vil sjølvsagt òg oppmode til aktivitet av det meir handfaste slaget, og ønskjer å få på plass eit opplegg for uformelle treningar i ymse aktivitetar på SiS i løpet av semesteret.

Hausten 2018 har me eit lag i Telenorligaen for Counter-Strike, samt at gruppa stiller med folk til det norske laget i verdsmeisterskapet til Battalion 1944.

 

Back To Top
Search